Frå 1. januar 2021 fekk barnehagelova nye føresegner om barnehagemiljøet. Lovendringa tydeleggjer barnehagen sitt ansvar for å førebyggje utestenging, mobbing, vald, diskriminering og andre krenkingar, og for å sikre at alle barn opplever barnehagen som ein trygg og god stad å vere.
Barnehagen har ei aktivitetsplikt dersom det er grunn til å tru at eit barn ikkje har det trygt og godt. Dette inneber mellom anna at vi skal følgje med, undersøkje, setje inn eigna tiltak og følgje opp barnet og situasjonen. Ved behov skal barnehagen utarbeide ein skriftleg plan for tiltaka og oppfølginga.
Barnehagelova kapittel VIII – Psykososialt barnehagemiljø:
- § 41 – Nulltoleranse og førebyggjande arbeid
- § 42 – Plikt til å sikre at barnehagebarna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø (aktivitetsplikta)
- § 43 – Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider i barnehagen, krenkjer eit barn
I Langevåg barnehage arbeider vi systematisk og førebyggjande for å skape eit trygt, inkluderande og godt barnehagemiljø for alle barn. Me har utarbeidd ein skriftleg plan for arbeidet med det psykososiale barnehagemiljøet, som gir personalet felles rutinar for førebygging, handtering og oppfølging når eit barn ikkje har det trygt og godt.
Alle barn skal oppleve å høyre til, bli sett, høyrt og tatt vare på i Langevåg barnehage.