Praksis

Langevåg barnehage er praksisbarnehage og me tek i mot studentar både frå Høgskulen på Vestland, Bømlo vidaregåande og HIllestveit barne og ungdomsskule.

Dei kjem til barnehagen nye ukjente med ulik bakgrunn. Nokon er elevar frå ungdomsskulen, andre er frå Bømlo vidaregåande men også studentar ved Høgskulen på Vestlandet.

I vår barnehage tar me imot så mange studentar som me kan. Me har ope for arbeidsveker, valfag, elevar som tar helse på vidaregåande og studentar som ynskjer å bli barnehagelærarar. Me ser på dei alle som ein viktig ressurs, ein hjelp til å sjå vår barnehage med andre og nye auger. 

Det er viktig at alle ansatte er kjent med oppgåvene som studentane skal gjera hos oss. Det er viktig for oss at dei føler dei vert tatt godt imot, at dei kjenner at dei er inkludert i vår arbeidsmiljø, at me er ein god plass å koma til.  

Kanskje kan me få ein ungdomsskule elev til å ynskja å jobba i barnhagen, kanskje får me den eleven ved vidaregåande til å velge barne og ungdom andre året. Kanskje kan me bidra til at nye gode flinke barnehage lærarar vert utdanna fordi me har vore med å tatt imot dei i praksis. 

Så ta godt imot alle nye som dåke som foreldre ser er innom oss i praksis.