Barnehagen vår

Langevåg barnehage SA er ein foreldreeigd barnehage, eigd av foreldra som til ein kvar tid har barn i barnehagen vår. Barnehagen vert drifta ut frå å ha god kvalitet og med sikker drift. Me er no 11 tilsatte og 39 barn fordelt på to avdelingar.

Me held til i Nedre Hillestveit 1 sentralt beliggenhet i nærleiken av kyrkja, med både skog og sjø i nærleiken.

Me bruker nærmiljøet og er ute på tur og oppdager og utforsker plassen me bur på.

 

Vår visjon er Langevåg barnehage - ein barnehage som blømer heile året.

Vår visjon byggjer på verdiane omsorg, tryggleik og respekt.

Vår visjon ligg tilgrunn for hovedmålet vårt:
"Alle barn i Langevåg barnehage skal trivast, oppleva livsglede og blomstre".