Mat i barnehagen

Langevåg barnehage er ein nistefri barnehage. Me serverer variert mat med mykje frukt og grønt. Sunn og næringsrik mat er viktig for barns utvikling, trivsel og læring.

Langevåg barnehage tilbyr frukost, frukt, smørjemåltid og ettermiddagsmat.

Det er viktig å gi barna variert og sunn kost og la dei få gode måltidsopplevingar.

Måltida er ein fin anledning til å samlast og snakke saman. 

" vanar og handlingsmønster tek form alt frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tilegnar seg i barnehagealder, kan vare livet ut. Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse" Rammeplan for barnehagen s. 49