Langevåg barnehage

Vårt mål – ein trygg og god start på livet. Hos oss møter barna trygge, varme og omsorgsfulle vaksne som ser det enkelte barnet og er til stades i kvardagen. Me legg stor vekt på å byggje gode og trygge relasjonar, fordi me veit at barn lærer, utviklar seg og trivst best når dei kjenner seg sett, høyrde og verdsette. I Langevåg barnehage ynskjer me å skape ein barnehage der alle barn får vere seg sjølve, kjenne tilhøyrsle og oppleve tryggleik. Gjennom leik, samspel og gode møte med andre barn og vaksne får barna utvikle sosial kompetanse, sjølvstende og tru på seg sjølve.